Hopp over innhold
Ålgård turstilag
  • Siste nytt
  • Prosjekt
    • Flassavatnet
    • Limaheia
    • Ålgård sentrum
    • Hålandsskogen
    • Bedehussvingen
    • Fjermestad
    • Raudviga
    • Skotjødnå
    • Edlandsfjellet
    • Kunngjeringar
  • Galleri
  • Turforslag
  • Snarvegar
  • Samarbeid
  • Støtte
  • Om oss
  • Bli medlem

Dugnadsstatuetten 2021: Ålgård turstilag

30. november 20212. desember 2021 AdministratorKunngjeringar

Hallo? Kva skjedde no? Ein pris, til Ålgård turstilag? Ja, det er visst sant. Ryktet kjem jo frå sjølvaste Storahuset. Etter at nokon har hatt eit møte. WoW! Det var for ei veke sidan. Etterkvart har skrivaren til Ålgård turstilag […]

Les mer

Ålgård turstiport nummer 1

23. november 20212. desember 2021 AdministratorKunngjeringar

I dag vart Ålgård turstiport nummer 1 montert på Grønsje, på veg mot Trodalen. Framtida vil visa om dette vart ein historisk dag. Porten er laga for å gjera passering av gjerde både enklare for turfolk, og sikrare for bønder. […]

Les mer

Limaheia klar til vinter

8. november 20213. desember 2021 AdministratorLimaheia

I dag vart siste hand lagt på bygging av trebruene i Limaheia. I løpet av hausten har det blitt heile 100 meter med nye plankeveg over blaute parti, på nord- og vestsida av Håfjell. Dagens arbeidslag, med både lue og […]

Les mer

Fortau-fiks i orden!

24. oktober 20212. desember 2021 AdministratorBedehussvingen

Like før helga vart fortauet ved innkøyringa til Bedehuset fiksa. Det nedsenka området inn på fortauet har no koma nesten heilt inntil Krambugata. Dette vert bra, for no kan unge og eldre på sykkel eller andre hjul ferdast rett fram […]

Les mer

55 meter ny plankeveg

19. oktober 20212. desember 2021 AdministratorLimaheia

I går vart 55 meter med ny plankeveg ferdig i Limaheia, like ved Håfjell. Det var gjengen Finn Helge, Terje, Oddgeir (alle Lima), Leif Reiestad og Erling Gundersen som tok turen til fjells for å gjera fast plankane som me […]

Les mer

Limaheia klar for fjelløp

16. oktober 202118. oktober 2021 AdministratorLimaheia

Limaheia er klargjort for morgondagens fjelløp: Gjesdal Trailrun. Løpssjef Knut Taugbøl, med vener, i Gjesdal IL, har no merka begge løypene, på 6 km og 10 km. Spørsmålet er om det kan verta ny løyperekord i år? Sidan sist har […]

Les mer

Ti ivrige ungdomar

8. oktober 202118. oktober 2021 AdministratorHålandsskogen

Ti ivrige ungdomar, 20 flittige hender, og ein tilretteleggjande lærar var det som skulle til. For i går fekk Hålandsskogen endå 150 metrar med ny treflis. På øvre grusveg mot nord-aust. Takk for innsatsen til ti elevar ved Gjesdal ungdomsskole, […]

Les mer

Det er beinast rett fram

5. oktober 202117. oktober 2021 AdministratorBedehussvingen

Tidleg denne veka kom det ei gladmelding frå Rogaland fylkeskommune til Ålgård: Fortauet ved innkøyringa til Bedehuset skal rettast ut. Det vil seia, den nedsenka fortauskanten skal gjerast lengre, heilt ut til Krambugata. Kanten mellom bilvegen og opp på fortauet […]

Les mer

To-felts trebruer ved Flassavatnet

4. oktober 202117. oktober 2021 AdministratorFlassavatnet

Mellom dagens regnbyger har trebruene ved Flassavatnet blitt dobbelt så breie. Sjølv om dette nok ikkje gir dobbel kapasitet, så har dei i alle fall blitt endå betre og tryggare å gå på. Me set pris på tilbakemeldingar og tips […]

Les mer

Lukt av nylagd asfalt!

21. september 202122. september 2021 AdministratorBedehussvingen

Og me snakkar Bedehussvingen. Lukta heng framleis i lufta der Edlandsvatnet går over til Figgjoelva. Mellom Perlå og Storahuset. Dagens asfalteringsøkt resulterte i nesten 90 meter fornya og humpfri turveg. No vert her ein fryd for alle å ferdast. Og […]

Les mer

Innleggnavigasjon

Eldre innlegg

Kontakt

Telefon: 481 01 430

E-post: post@atursti.no

Facebook: Ålgård turstilag

Vipps: 691267

Bankkonto: 3207 35 07145

Org. nummer: 927 104 873

Ålgård turstilag
  • Siste nytt
  • Prosjekt
  • Galleri
  • Turforslag
  • Snarvegar
  • Samarbeid
  • Støtte
  • Om oss
  • Bli medlem
Drevet av WordPress | Tema: Astrid av aThemes.