Limaheia klar for fjelløp

Limaheia er klargjort for morgondagens fjelløp: Gjesdal Trailrun. Løpssjef Knut Taugbøl, med vener, i Gjesdal IL, har no merka begge løypene, på 6 km og 10 km.

Spørsmålet er om det kan verta ny løyperekord i år? Sidan sist har løypa blitt forbetra med ny grusveg inn Fiskebekkdalen. I tillegg har Ålgård turstilag i løpet av den siste veka blitt ferdige med heile 13 småbruer og klopper ved alle sorpeholene sør for Flassavatnet. Fleire av dei har no også blitt oppgradert til «To-planks». Dette borgar for høg fart!

Sjølv med punktvis betre forhold, ser det likevel ut til at dei siste vekene med nødbør har sett sitt tydelege preg på området. Stiane er no heller meir sugande enn lettløpte. Det kjem til å verta eit interessant løp, også for publikum. For det er nok av stader undervegs som kjem til å utfordra kreativiteten til løparane når det gjeld hopp og sprett. Eller det triggar «rett fram og gjennom»-genet, som oftast berre er eit startskott unna.

Lukke til med gjennomføringa i morgon, både til deltakarar og Gjesdal IL.

Ålgård turstilag – lett på tur