Dugnadsstatuetten 2021: Ålgård turstilag

Hallo? Kva skjedde no? Ein pris, til Ålgård turstilag? Ja, det er visst sant. Ryktet kjem jo frå sjølvaste Storahuset. Etter at nokon har hatt eit møte. WoW!

Det var for ei veke sidan. Etterkvart har skrivaren til Ålgård turstilag både summa seg og truleg også landa etter ei veke med lite bakkekontakt. Det var jo gildt. Tusen takk. Takk til politikarutvalget for kultur og samfunn at de set pris på arbeidet som er gjort så langt.

Og ikkje minst, tusen takk til alle de som har stilt opp på dugnadar det siste året. Dette er eit stort fellesskapsprosjekt. Ingen hadde greidd dette åleine. Og her er det plass til alle. Takk også for alle positive oppmuntringar frå turfolk og springarar som smilande passerer medan dugnadsgjengen er i sving.

Var det nokon som trudde me arbeider heile tida, utan pausar? Å nei. Mat og drikke må me ha. Kaffiforbruket kunne sikkert vore målt i 20-literskanner, berre for å gjera talet litt lågare ☺. Her er nokre glimt frå den obligatoriske kviletida som er innført på alle dugnadar.

Ålgård turstilag – lett på tur