Treflis på «teppestien» ved Skotjødnå

Mange passerer forbi Skotjødnå på veg til Hålandsskogen, Trodalen eller Edlandsfjellet. Og berre ein skjeldan gong klarer ein å koma forbi her utan å trø nedi eitt eller fleire sorpehol, sjølv med alle kunstens forsøk på lange hopp frå tue til tue. Men det var før. No, etter nokre kveldars arbeid i september 2020, har desse femti metrane fått god treflis. Resultatet vart så bra at det spontant kom opp forslag om å kalla den oppgraderte stien for «teppestien».

Takk til Kjell Martin Ravndal for initiativ, organisering og gjennomføring av prosjektet, og til Christer Dirfeldt for god hjelp med trillebåra.

Ålgård turstilag – lett på tur, for alle