Sikringskjetting i «Lillemo-skrenten»

På vegen mellom Bursfjellet og Nonsfjellet passerer stien ein skrent som er nokså krevande. Han er både bratt og ofte glatt etter regnvér.

No har denne skrenten blitt mykje sikrare å forsera. Etter godt tips frå Jorulf Lillemo, sette Erling Gundersen og Kjell Martin Ravndal i gang med å montera ein kraftig kjetting til å halda seg fast i. Den er god å ha både på veg opp, og på veg ned, denne skrenten, som no vert kalla «Lillemo-skrenten».

Ålgård turstilag – lett på tur