Test av «treflisbrua» til Trodalen: 20 % raskare

Test av effekten av den to og ei halv veker gamle «treflisbrua» frå Hålandsskogen til Trodalen syner at ved lett jogg brukar ein no om lag 20 % kortare tid (eller fire sekund), samanlikna med før utbetringa. På blaute dagar sparer ein endå meir i å sleppa spyling av sko etter turen.

Ålgård turstilag er ikkje einsidig opptekne av at alt må gå så fort. I alle fall ikkje dersom betre turstiar gir raskare turar og deretter meir tid i sofaen.

Ei naturleg oppfordring vert då: Ta ein ekstra firesekunders pause (minst) ved gjerdeklyvaren. Nyt stunda og utsikta, høyr fuglesongen og la granlukta slå rot, som eit minne om ein flott tur

Ålgård turstilag – lett på tur