Traktorvegen gjennom Refnesskogen er ferdig!

Etter ein lang dag med både traktor og gravemaskin vart vegen gjennom Refnesskogen på Fjermestad ferdig på onsdag denne veka. Både drenering, pukk og steinstøv skal gjera sitt for at desse om lag 150 metrane skal halda god kvalitet, sjølv i mykje våtare periodar enn me har hatt i det siste.

Takk for stor velvilje frå grunneigar Martin Lunde og forpaktar Idar Fjermestad, levering av nødvendige massar av Bjelland AS, og økonomisk støtte frå Time kommune. Dette kjem til å gleda mange turgåarar i mange år.

Ålgård turstilag – lett på tur