Oppgradering av grusvegar i Ålgård sentrum

Ålgård har fått eit fantastisk flott sentrum, til glede for både oss som bur her, og for mange tilreisande. Figgjoelva, Kanalparken, Torget og den nye kyrkja er berre nokre av elementa som set ein ekstra spiss på Ålgård sentrum.

Her er også ein del turvegar i grus. Etter at dei var nye så har dei sett seg skikkeleg. Det har medført at det fleire stader har blitt små kantar i overgangen mellom grusveg og fast veg i betong eller asfalt. Dei fleste legg nok ikkje merke til ein slik liten detalj, men for mange som kanskje ikkje er like lett på foten no som før, eller som brukar til dømes rullator, rullestol, eller får vera med på ein tur med sykkeltenesta, så kan desse kantane vera både ubehagelege og i verste fall farlege.

Desse grusvegane er nærturområdet til mange som bur i Ålgård sentrum. Sidan Ålgård turstilag arbeider med å tilretteleggja for at det skal vera lettare å ta seg ut på tur, så var det naturleg at me også gjorde ein innsats her. I samråd med Gjesdal kommune skal me no fiksa alle dei ni punkta som trengs så å få til meir «kantfri» ferdsel i sentrum.

Ålgård turstilag – lett på tur, for alle