Sommargåve til svigermor?

Har du tenkt å overraska svigermor før ferien? Her kjem i så fall eit godt tips: Medlemsskap i Ålgård turstilag! Når ho får vita at eit medlemsskap der bidreg til at Ålgård turstilag kan gjennomføra fleire og betre turstiprosjekt i tida som kjem, tenkjer me at då kan berre sommarferien koma. Og du har skåra nokre enkle og gode poeng.

Dersom dette høyrdest fristande ut, så er det enklast å Vippsa 100 kroner til oss på nr. 691267, og send med namn og fødselsår.

PS: Ålgård turstilag er ikkje berre for svigermødre. Me er glade for alle som ønskjer å vera med å gje oss tyngde og kraft inn i spanande mulegheiter og utvikling av nye prosjekt, allereie no til hausten. Kartet syner dei seks prosjekta som me har arbeidd med det siste året. Bileta er frå den nyleg oppgraderte turvegen gjennom Refnesskogen på Fjermestad.

Ålgård turstilag – lett på tur