Husdyra bestemmer

Som turgåarar i Gjesdal treff me nesten alltid på husdyr på beite no i sommarhalvåret. Det kan gje mange flotte opplevingar, og kan også vera svært nyttig ved at me kan melda frå om unormale ting eller sjuke og skadde dyr.

I sommar lanserte Norsk Friluftsliv seks viktige kuvettreglar. Dei gjeld i stor grad anten det er ku, sau, geit eller hest me møter på. Hugs alltid på at det er husdyra som bestemmer når dei er på beite. Det å visa hensyn til dyra, ikkje skrema dei på noko vis, lukka grinder og halda hunden i band er obligatorisk for alle som ferdast i utmark der det går husdyr.

https://norskfriluftsliv.no/laer-deg-kuvettreglene-i-sommer/

God sommar frå Ålgård turstilag – lett på tur