Kantfri ferdsel rundt i Ålgård sentrum

Då var det gjort. Påfylling av om lag 1 tonn steinstøv ved 8-10 ulike punkt på grusvegane i Ålgård sentrum. Og inn mot faste flater av asfalt eller betong. Sjølv om desse kantane er små, og dei fleste av oss legg ikkje merke til dei ein gong, så er det også mange som opplever desse kantane som ubehagelege og utfordrande å passera. Særleg dersom ein er avhengig av rullestol, rullator eller liknande. Men det var før. No er det blitt mykje betre.

Ålgård turstilag stilte med fire mann, tilhengar, spade, bøtter og spann. Og etter ei kort kveldsøkt i sentrum fekk alle punkt ei flott oppgradering. Takk for innsatsen!

Ålgård turstilag – lett på tur