Grov singel i Raudviga
Sjå det ja. To tonn med grov singel, og fire karar var det som skulle til for å leggja siste hand på verket på stien i Raudvigå. Takk for innsatsen, Leif, Harry, Kjell Martin og Erling
Kart oppdatert: 18.10.2021
Oversikt over gjennomførte, pågåande og planlagde prosjekt i 2020-2021.
Ålgård turstilag ligg vinn på samarbeid for å få gjennomført prosjekta våre. Grunnsteinen i dette er dugnad. I løpet av det siste året har over 50 personar vore med på dugnad, og fram til no er det lagt ned over 500 dugnadstimar. På same tid veit me at det hadde vore svært utfordrande å fått gjort alt dette utan positive grunneigarar, velvillige støttepartnarar, og nødvendig tilrettelegging og godkjenning frå kommunen si side.
Det ligg mykje god motivasjon i det å få oppleva arbeidsfellesskap ute i naturen, samstundes som me får vera med på å «byggja landet» med betre turstiar og turvegar, til glede og nytte for alle som i framtida kjem til å ta dei i bruk. Og når det vert lagt til rette for -lett på tur, vil fleire oppleva meir naturbegeistring, meir mestring i friluftsliv, og betre mental og fysisk styrke.
Ålgård turstilag – lett på tur
Sjå det ja. To tonn med grov singel, og fire karar var det som skulle til for å leggja siste hand på verket på stien i Raudvigå. Takk for innsatsen, Leif, Harry, Kjell Martin og Erling
På vegen mellom Bursfjellet og Nonsfjellet passerer stien ein skrent som er nokså krevande. Han er både bratt og ofte glatt etter regnvér. No har denne skrenten blitt mykje sikrare å forsera. Etter godt tips frå Jorulf Lillemo, sette Erling […]
Mange passerer forbi Skotjødnå på veg til Hålandsskogen, Trodalen eller Edlandsfjellet. Og berre ein skjeldan gong klarer ein å koma forbi her utan å trø nedi eitt eller fleire sorpehol, sjølv med alle kunstens forsøk på lange hopp frå tue […]
Formålet med prosjektet var å utbedre blaute deler av stien i Budalen øst for Flassavatnet. Plankene ble kjørt opp av Samuel Lima Madland, nesten til veis ende, med traktor. Derfra bar me plankene (2×8 toms) og pålene resten av veien. […]
Medan dei siste tonane frå Ja vi elsker, Gud signe vår dyre fedreland, og Alle fugler, går over til gode minne frå 17. mai 2021, kjem her nokre linjer frå historieboka til Ålgård turstilag. Sjølv om det i dei dagane […]