Skilt til den smale sti. På veg rundt Yggaren.

Historisk har det fleire gonger vist seg å vera utfordrande både å finna den smale veg, og å halda seg på han. Men no skal det i alle fall vera lett å finna den smale stien gjennom Refnesskogen på Fjermestad. Til no har mange høyrt om han, men berre nokre få har funne stien som entusiastiske turgåarar etablerte for eit par år sidan.

Takk til Paul Moi for eit kunstverk av eit skilt, og til Kjell Martin Ravndal for kvalitetsmessig montering på den store steinen like oppi bakken, etter gjerdeklyvaren på veg inn i skogen (frå Raudvigå).

På kartet betyr:Raud ring: Plasseringa av skiltetGrøn strek: Den smale sti gjennom skogenBlå strek: Nyleg oppgradert grusveg

Ålgård turstilag – lett på tur