Ferdig snekra. Ferdig levert!

No er trebruene sør for Flassavatnet ferdige. Eller: Klar til bruk!

24. august 2021 vart ein dag for historiebøkene. Alle som sit med eigne opplevingar frå dei mediekjende sorpeholene bør skriva dei ned no. Elles kan dei hamna i den store gløymeboka. Med resultatet av dagens arbeid friskt i minne, ser det ut til å verta få sorpehol-minner frå dette området framover. Kan henda dei nye trebruene kan bidra til at fleire av oss får turar framover i dette området som er rike på andre naturopplevingar? Ved at det vert lettare å ta inn andre og nye inntrykk som naturen har å by på?

Ålgård turstilag – lett på tur