Og me snakkar Bedehussvingen. Lukta heng framleis i lufta der Edlandsvatnet går over til Figgjoelva. Mellom Perlå og Storahuset. Dagens asfalteringsøkt resulterte i nesten 90 meter fornya og humpfri turveg. No vert her ein fryd for alle å ferdast. Og kanskje spesielt for dei med barnevogn, rullestol, eller dei heldige som får vera med KM Ravndals sykkelteneste.
Takk til Gjesdal kommune for å ha fiksa Bedehussvingen
Ålgård turstillag – lett på tur