Bollefest i solnedgang

Og det vart solnedgang, utan soltette skyer ☺ Bollefesten på fredagskvelden midt i september markerte ein føreløpig milepæl for over eit halvt tusen dugnadstimar for å gjera Hålandsskogen lettare tilgjengeleg og meir attraktiv som tur- og orienteringsområde .

Ålgård Orientering med Harry Breiland som primus motor, starta for nokre år sidan, og har på den tida laga over 3 km med flotte, små turstiar rundt om i heile skogen. I tillegg har dei laga åtte bruer, ei trapp, og merka fleire kilometer løype med blå merkepinnar. Alt dette er det Ålgård Orientering som sjølv har kosta.

I januar dette året starta Ålgård turstilag med ei lita handsag og lykt i mørke, kalde vinterkveldar. Dette utvikla seg til å verta ca 1,5 km med nykvista og rydda turveg, oppkutting av greiner til nesten 20 m³ med treflis, og fornying av om lag 500 meter med sorpete turveg med eit godt lag med treflis. Og montering av ein gjerdeklyvar og to hundeportar på veg til Trodalen.

Tusen takk for innsatsen til alle de som har vore med på arbeidet og for å ha skapt eit godt fellesskap innimellom trestammane. Ålgård turstilag takkar for økonomisk støtte og bidrag for å gjera dette muleg: Time kommune, Gjesdal kommune, Allservice og Cargill Innovation

Velkomen ut på tur til Hålandsskogen, anten det er for første gong, eller at du for lengst har kome ut av teljinga.

Ålgård turstilag – lett på tur