Ålgårds mest medie-profilerte sorpehol er snart historie

Eller rettare: Snart kjem det nye trebruer over dei verste sorpehola sør for Flassavatnet. Mange har vore oppi desse fram til no. Mellom anna går terrengløpstesten på Gjesdal ungdomsskole her. I tillegg er denne traseen ein del av innspurten i det årlege Gjesdal Trailrun. Og rykta seier at fleire joggesko er slukt av desse sorpehola.

Dersom du er av dei som opplever at desse sorpehola er høgdepunktet på turen, så fortvil ikkje. Det vil vera fullt muleg å passera her på originalmåten, sjølv om det kjem trebruer.

Radarparet Erling Gundersen og Finn Helge Lima har no både fått klarering frå grunneigarane, og ordna med sponsing av nødvendige material frå Coop Obs Bygg Ålgård. Tusen takk for hjelpa! Og denne veka vart også Oddgeir Lima med på å frakta fram materiala. Og faktisk måtte vegen langs Flassabekken ryddast for stein for å koma fram.

Ålgård turstilag – lett på tur