Allereie før mange av oss sette oss til rette for å eta laurdagsgraut i dag, var materiala som trengs for å laga 100 meter med trebruer på plass i Limaheia. Det er blaute parti på stien som går i området mellom Håfjell og Flassavatnet som skal utbetrast.
Takk for innsatsen. Og spesielt til grunneigar Jan Gunnar Lima for hjelp med traktor og køyring. Og takk til ein god dugnadsgjeng som brukar tid og krefter på å gjera det lettare å koma ut på tur. Og ikkje minst, takk til Gjesdal kommune for sponsing av viktige material. Utan godt samarbeid hadde me ikkje fått til dette.
Ålgård turstilag – lett på tur