I løpet av den siste veka har det blitt gjort forbetringar fire ulike stader rundt Ålgård:
Ålgård sentrum: I dag har ein god gjeng ungdomar på 9-trinnet på Gjesdal ungdomsskole, saman med lærar Paul Helge Svela, fiksa dei siste fire punkta for kantfri ferdsel rundt Kanalparken. Åtte trillebårer med steinstøv var det som skulle til.
Limaheia: 100 meter med plankar har blitt plassert ut der det snart skal lagast trebruer over blaute parti. No må me berre venta på regn for å finna att dei blaute partia . Dei har neppe forsvunne for godt.
Hålandsskogen: Spadetak for spadetak. Meter for meter. Lengda på oppgradert turveg vert lengre for kvar kveld med arbeid. No nærmar me oss slutten, i denne omgang.
Bedehussvingen: Gjesdal kommune har starta arbeidet med å fjerna områda med øydelagt asfalt der trerøter har vakse fram. Dette vert bra til slutt.
Takk for innsatsen til alle som bidreg til betre turvegar.
Ålgård turstilag – lett på tur