Ålgård turstilag inviterer med dette til dugnad på førstkomande torsdag 19. august. Frammøte frå kl 17 og utover (til ca kl. 20) i Hålandsskogen. Kveldens oppgåve er å køyra ut treflis som me laga i vår, til mindre stiar med blaute parti. Me har fått med oss Svein Ole Håland og ATV-en og tilhengaren hans.
Dersom dette høyrest interessant ut, ta med spade, bøtte og gjerne ei vanleg sag. Og kaffi.
Ålgård turstilag – lett på tur