I dag vart Ålgård turstiport nummer 1 montert på Grønsje, på veg mot Trodalen. Framtida vil visa om dette vart ein historisk dag.
Porten er laga for å gjera passering av gjerde både enklare for turfolk, og sikrare for bønder.
For det første: Porten er sjølvlukkande, slik at han alltid går att heilt av seg sjølv. Det betyr at ingen dyr kjem ut på grunn av at nokon har gløymt å lukka etter seg.
For det andre: Porten er eit sikrare alternativ for å passera gjerde. Det er ingen fare for å skli eller falla, slik det innimellom skjer ved bruk av gjerdeklyvar.
Etter fleire innspel den siste tida, frå mellom anna brukarar av turstiar, grunneigarar og Gjesdal Bondelag, har Ålgård turstilag søkt kompetanse hjå Edland Rørbøying for å utvikla denne sjølvlukkande aluminiumsporten.
Takk til Kjell Martin Ravndal og Erling Gundersen for dagens innsats, og takk til Obs Bygg Ålgård for sponsing av monteringsmateriell.
Ålgård turstilag – lett på tur