Tidleg denne veka kom det ei gladmelding frå Rogaland fylkeskommune til Ålgård: Fortauet ved innkøyringa til Bedehuset skal rettast ut. Det vil seia, den nedsenka fortauskanten skal gjerast lengre, heilt ut til Krambugata. Kanten mellom bilvegen og opp på fortauet skal også gjerast så liten som muleg innafor regelverket.
Det betyr at syklistar (skuleungar og -ungdom) og andre som ferdast der med hjul, snart kan sykla rett fram når dei passerer denne innkøyringa. Fram til no har ein måtta svinga så pass mykje for å koma seg opp på fortauet at mange heller har valgt å sykla i vegbanen. Det er grunn til å venta at denne forbetringa gjer Krambugata meir trafikksikker, og at det vert ein tryggare skuleveg.
Ålgård turstilag – lett på tur, også i sentrum