Mellom dagens regnbyger har trebruene ved Flassavatnet blitt dobbelt så breie. Sjølv om dette nok ikkje gir dobbel kapasitet, så har dei i alle fall blitt endå betre og tryggare å gå på.
Me set pris på tilbakemeldingar og tips som me kan ta med oss framover, så ikkje ver redd for å dela slikt med oss.
Takk til Coop Obs Bygg Ålgård for meir material til eit viktig turområde for mange Ålgårdsbuar.
Ålgård turstilag – lett på tur