Er det muleg, lurer du kanskje på? Ja, på torsdag 2. september frå kl 16:30 og utover er det ledig plass på dugnadspartiet i Hålandsskogen. Stinettet der vert stadig betre, etter fleire år med forbetringstiltak. Ålgård orientering har gjort ein formidabel jobb der. Og no har Ålgård turstilag endå nokre haugar med treflis som skal køyrast og trillast på plass.
Dersom du vil vera med, så ta med spade og kanskje ei trillebår dersom du kan.
Ålgård turstilag – lett på tur